Oda Synnøve

Oda Synnøve

Thursday, September 6, 2007

"Når du våkner..." DIKT

Hakem Mardan

”Når du våkner…”

Ingen i heile verda sett pris på einsemd. Det er ikkje noko rart! Dette diktet fortel meg alt eg treng å vite om det å ikkje føle seg verdsett, det å føle seg forlate og det at ingen lenger bryr seg. Med enkle ord og få setningar får diktaren fram kjensler i meg som eg ikkje unner nokon. Dette diktet treng ikkje vere lengre, det treng ikkje ha fleire setningar. Det er ikkje nødvendig.

Diktet tek for seg det å vere ein innvandrar, men samtidig uvissen om det å få opphaldsløyve. Kva skal ein framand stakkar i eit nytt land, i ein ny by gjere? Utan familie, utan venner. Ikkje rart ein føler seg lite velkommen.

Dikt provoserar meg, enten på ein positiv eller dårleg måte. Eg har alltid elska dikt, og eg kjem vel også alltid til å gjere det. Eg synast det er utruleg spennande å lese tekstar med ei ”djupare meining.” Å lese mellom linjene er akkurat det eg synast er det morosame. Eg treng ei utfordring medan eg les!

1 comment:

Elisabeth said...

Flott at du likte diktet! Du skriv fint og har eit godt språk. Du skal få lese fleier gode dikt framover!

About Me

My photo
Hei og velkommen! Dette er ment som en interiør og livsstilsblogg. Her kan du titte innom for inspirasjon til egne prosjekter eller om du bare er interessert i å følge vår(Håkon & Oda) prosess i oppussingen av huset!